Tips

10 gode råd for skriving på nett.
Bilder som skal publiserast på nett må som regel reduserast i størrelse.
Her kan du redusere bildestørrelse online

Kvifor bør eg vere på nett?

  • Med eigne nettsider er du tilgjengeleg for kundar og samarbeidspartnarar heile tida.
  • Skriftleg materiell tar tid å oppdatere - ei nettside kan oppdaterast raskt.
  • Rask respons er viktig. Med eigne nettsider kan du kome kunden i møte med ein gong.
  • Bedrifta, laget eller organisasjonen kan spare ressurser ved å ha den nødvendige informasjonen tilgjengeleg på nett.
  • Fordi kunden forventar det! Ei bedrift eller ein organisasjon uten eigne nettsider, er for mange ikkje eit reelt alternativ.

Kvifor Joomla?

Over 40 millionar nettsider i verda brukar Joomla, til dømes Pizza Hut, det britiske forsvarsdepartementet, den greske regjeringa og High Court of Australia.

Joomla har fleire tusen plug-ins og komponentar med god funksjonalitet som på ein rimeleg måte oppfyller krava dine.

Redesign

Treng nettsidene dine ei oppfrisking? Er den tekniske løysinga utdatert?
Då er det tid for å vurdere redesign.
Me tilbyr nye nettsider i Joomla 3.
Har du nettside i Joomla 1.5 eller 2.5, så kan me migrere til Joomla 3.

Responsivt design

Nettsider med responsivt design tilpassar seg alle skjermstorleikar.
Over 50 % av alle søk på Google kjem frå mobile einingar, og dette aukar stadig.
66 % av brukarane seier at dei får eit negativt inntrykk av ei bedrift utan responsiv nettside.
80 % av desse forlet sida.
Det er ikkje eit spørsmål om du bør ha responsiv nettside,- men når.
Google nedgraderer nettsider som ikkje er responsive i sine søkeverktøy. Du kan teste nettsida di HER

Språk

Me kan levere nettsider med nynorsk, bokmål, engelsk og tysk innhald. I tillegg kan me produsere tekst og korrekturlesing, og tilpasse tekst for web.